Friestad er eit gammalt jærbruk som har vore i same slekt i mange
generasjonar, arverekkefylgja går faktisk tilbake til 1500-talet.
Bruket var i si tid ei av dei største melkeprodusentane i gamle Ogna
kommune, noko som driftsbygningen frå 1912 vitnar om. Husdyrdrifta
blei avslutta rundt 1970, og bygningen sto ubrukt fram til noverande
eigar starta rehabilitering til selskapslokale rundt 1990. Første
del sto klar for ny drift i 1996.
| |
I tillegg til den tradisjonelle gardsdrifta har drifts-bygningane også
tidlegare gitt rom for andre aktivitetar. Tidlegare eigar Kristian Solheim
hadde base for reklameproduksjonen sin her i byrjinga av 30-åra, han dreiv
lampefabrikk på 40-talet og kunstsmie fram til rundt 1970. Reklameplakatar
og skulpturar frå denne produksjonen er i dag utstilt i lokala.
|