| | << TILBAKE | | | REKLAME I 1930-ÅRA | | | REKLAMEPLAKATAR | | | | |
REKLAME I 30-ÅRA Mykje var enklare i byrjinga av 1930-åra enn det er i dagens samfunn, ikkje minst marknadskreftene. Det er stor skilnad på dagens mangfaldige marknadsføringstiltak samanlikna med mulighetene dei rådde over då. I 30-åras krisetid, i den spede begynninga for norsk reklame, dreiv Kristian Solheim eit reklamebyrå i Stavanger. Han hadde oppdrag for lokal industri og laga t.d. den store varekatalogen for Egersunds Fayancefabrik. I midten av 30-åra valde han å avvikla dette då han overtok familiegarden på Friestad etter morbroren sin. I dag er noko av denne unike produksjonen utstilt i lokala på Friestad Selskapsgard. Klikk i menyen over for å sjå eit lite utval av plakatane som vart laga. |
|