Ta kontakt
| << TILBAKE | SKULPTURAR | LAMPEFABRIKK OG KUNSTSMIE | |
LAMPEFABRIKK OG KUNSTSMIE

Kristian Solheim starta produksjon av lamper i ein verkstad på garden før krigen, og i åra fram til byrjinga av 1950-talet produserte Solheim fleire tusen eksemplar som vart selde over heile landet. Særleg i knapphetstida rett etter krigen var omsetjinga høg. Sjølv om produksjons-metodane var enkle bar lampene preg av høg handverksmessig kvalitet. Solheim sto sjølv for det meste av arbeidet, men han sysselsette og mange lokale ungdommar i produksjonen.
Etterkvart som verda kom til hektene igjen fram mot 50-talet kunne lampene til Solheim ikkje lenger hevda seg i konkurranse med masse-produserte varer og han la ned lampefabrikken.

Solheim fortsette med aktivitetar som hadde lite med bondeyrket å gjera. I dei fylgjande åra utfolda han sitt kunstnariske talent med å laga forskjellige typar skulpturelle dekorasjonar, bl.a. hadde han god suksess med hagedekorasjonar i betong.